Personvernerklæring

 

 

PERSONVERNERKLÆRING FOR DØSSLAND ADVOKATFIRMA AS

Sist endra: 13.8.2018

 Denne personvernerklæringa («Personvernerklæringa») gjeld for Døssland Advokatfirma AS («vi» eller «oss»). Vi er behandlingsansvarlege for behandling av personopplysningar som gjort greie for i Personvernerklæringa. De finn kontaktinformasjonen vår nedanfor i punkt 7.

Når det i det følgjande vert vist til GDPR er det tale om General Data Protection Regulation (EU-direktiv 95/46/EF – Personvernforordninga) som er teken inn i EØS-avtalen.

 

  • Kven vi behandlar personopplysningar om:

Personvernerklæringa rettar seg mot vår behandling av personopplysningar om følgjande personar:

  • Privatkundar
  • Klientar i straffesaker
  • Kontaktpersonar hos verksemdsklientar og offentlege klientar
  • Kontaktpersonar hos våre leverandørar og samarbeidspartnarar
  • Personar som er involvert i saker vi bistår i
  • Andre personar som er omtalt i saksdokument vi får tilgang til

 Føremål, typar personopplysningar og rettsleg grunnlag:

Nedanfor følgjer ei oversikt over kva føremål vi behandlar personopplysningar for, kva typar personopplysningar vi behandlar og det rettslege grunnlaget for behandlinga.

Etablering av klientforhold: Når vi vert kontakta med førespurnad om vi kan ta på oss eit oppdrag, føretek vi ein konfliktavklaring internt før vi eventuelt seier ja til oppdraget. Konfliktavklaringa tener eit legitimt føremål og har grunnlag i GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (interesseavveging). Konfliktsjekk av privatkundar omfattar som regel fullt namn, kva saka gjeld og, dersom relevant, kredittverdigheit. Generelt sett vil ikkje konfliktssjekk på vegner av verksemdskundar omfatte behandling av personopplysningar.I samband med etablering av eit klientforhold vil vi utføre ein kundekontroll i samsvar med føresegnene i kvitvaskingslova kap. 2, sjå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2009-03-06-11#KAPITTEL_2

IT-drift og tryggleik: Personopplysningar som er lagra i våre IT-system vil kunne vere tilgjengeleg for oss eller våre leverandørar i samband med oppdatering av våre system, implementering eller oppfølging av tryggleikstiltak, feilretting eller anna vedlikehald. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f og GDPR artikkel 32 og 6 nr. 1 bokstav c.

 

Fakturering: Kontaktopplysningar som er motteke frå verksemdskundar vert brukt til å merke faktura som vert sendt til verksemda. Til privatkundar nyttar vi privat postadresse for utsending av faktura eller e-post dersom klienten samtykker til det. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f for verksemdskundar og GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b for privatkundar.

Lagring og oppbevaring av saksdokument: Vi oppbevarer saksdokument i 5 år etter at oppdraget er avslutta i egna arkiv, bortsett frå dokument som vi er plikta til å lagre lenger (til dømes rekneskapsdokument med lagringsplikt på 10 år). Slik lagring vert vurdert som naudsyn både av omsyn til klienten og oss, sidan det i ettertid kan oppstå spørsmål eller tvist der den informasjonen som er lagra på ei sak igjen kan vere aktuell, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f og GDPR artikkel 9 nr. 2 bokstav f, jf. personopplysningslova §

Klientadministrasjon: Det vert oppretta egne saksmapper for oppdrag utført på vegner av klienten. Tid og kostnader vert registrert i vårt saksbehandlings- og rekneskapssystem. For verksemdskundar er heimelen for slik registrering GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (interesseavveging), medan det for privatkundar vert rekna som naudsynt for å kunne oppfylle avtalen, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b.

Sakshandtering: Nokre advokatoppdrag inneber at vi får tilgang til personopplysningar om partar eller enkeltpersonar som er involvert i ei sak. Slike opplysningar kan gå fram av dokument klienten sender over eller anna korrespondanse i saka. Behandling av personopplysningar i samband med oppdrag for verksemdskundar har heimel i GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f. I somme saker får vi også tilgang til sensitive personopplysningar, til dømes helseopplysningar eller straffedommar. I slike tilfelle har behandlinga av opplysningane heimel i GDPR artikkel 9 nr. 2 bokstav f, jf. personopplysningslova § 1.

Dersom vi kan ta oppdraget, registrerer vi kontaktinformasjon (namn, adresse, e-post m. v.) Registrering av kontaktopplysningar er for privatkundar naudsynt for å kunne inngå avtale med vedkommande, jf. GDPR artikkel 6 nr. bokstav b. For verksemdskundar bygger registreringa av kontaktopplysningar på ei interesseavveging, jf. GDPR artikkel 6 nr.1 bokstav f. Kundekontrollen er naudsyn for å oppfylle våre rettslege plikter etter kvitvaskingslova, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

Kven deler vi personopplysningar med

Våre leverandørar av IT-tenester vil kunne ha tilgang til personopplysningar dersom personopplysningar er lagra hos leverandøren eller på anna måte er tilgjengeleg for leverandøren i samsvar med kontrakten med oss. Leverandørane opptrer i samsvar med databehandlaravtale og under vår instruks. Leverandøren kan berre nytte personopplysningane for dei føremål vi har bestemt og som gjort greie for i Personvernerklæringa. Advokatar er underlagt straffesanksjonert teieplikt som følgjer av straffelova § 111. Vi utleverer ikkje personopplysningar i andre tilfelle eller på andre måtar enn det som er gjort greie for i Personvernerklæringa, med mindre det er naudsynt for utføring av oppdraget innanfor gjeldande rettsreglar, eller med mindre klienten uttrykkeleg oppmodar til, eller gjev samtykke til det.

Lagring av personopplysningar: Vi lagrar personopplysningar så lenge det er naudsynt for dei føremål personopplysningane er samla inn for. Om lagring av saksdokument, sjå punkt 2.Rekneskapslovgjevinga pålegg oss elles å lagre bestemte rekneskapsdokument eit visst tidsrom.

Dine rettar:

Trekke samtykke:Du kan til ei kvar tid trekke attende samtykke til behandling av personopplysningar hos oss ved å rette ein førespurnad til oss om dette.

Be om innsyn: Du har rett til innsyn i kva personopplysningar vi har registrert om Dykk, så langt teieplikta ikkje er til hinder for dette. For å sikre at personopplysningar vert utlevert til rett person, kan vi krevje at krav om innsyn vert utforma skriftleg eller at identitet vert verifisert på anna måte.

Klage til tilsynsmynde: Dersom du ikkje er samd i måten vi behandlar personopplysningar, kan klage sendast Datatilsynet.

Be om retting eller sletting: Du kan be oss rette feil opplysningar vi har registrert om deg eller be oss om å slette personopplysningar. Vi vil så langt råd er imøtekome ein førespurnad om sletting. Dette gjeld likevel berre så langt det ikkje ligg føre tungvegande grunnar for å ikkje slette personopplysningane, til dømes at vi lagre opplysningane av dokumentasjonsomsyn.

Endringar: Vi vil kunne gjere endringar i Personvernerklæringa. Ved vesentlege endringar vil varsle om dette.

Kontakt: Dersom duhar spørsmål eller kommentarar til Personvernerklæringa eller duvil utøva dine rettar overfor oss, jf. punkt 5, kan du kontakte oss: Døssland Advokatfirma AS

bjarte.dossland@dossland.no

telefon 40404974,

Postboks 14, 5465 Uskedalen