Våre vilkår

Når vi blir kontakta av ein ny klient, vil vi utarbeide ei oppdragsstadfesting. Så langt som råd vil vi før dette avklare om det kan liggje føre interessekonflikt som er til hinder for at vi tar på oss den aktuelle saka for klienten.

I oppdragsstadfestinga vil rammene for oppdraget bli fastsette, kva for ein advokat som skal vere ansvarleg for saka og korleis salæret vil bli berekna. Vår ordinære salærsats for ikkje-meirverdiavgiftspliktige klientar er kr. 2 000,- per time + mva (altså kr. 2 500,- per time). Denne satsen gjeld både for privatklientar og verksemder. Den ordinære timesatsen for meirverdiavgiftspliktige klientar er kr. 2 500,- + mva (kr. 3 125,- inkl.mva.).

I tillegg omfattar oppdragsstadfestinga avtale om behandling av personopplysningar for klienten. I nokre tilfelle, der personopplysningar for andre enn den personlege klienten må handsamast, utformar vi i tillegg ei samtykkeerklæring for vedkomande.

I tillegg til dei konkrete rammene for oppdraget, gjeld våre allmenne vilkår og personvernerklæringa vår, som også ligg på våre nettsider, sjå fane over her. Dei allmenne vilkåra finn du under.

 

ALLMENNE VILKÅR FOR OPPDRAG UTFØRT AV DØSSLAND ADVOKATFIRMA AS

Innleiande føresegner

 

Desse allmenne vilkåra (”vilkåra”) regulerer forholdet mellom advokat i Døssland Advokatfirma AS (”advokaten”) og den som advokaten utfører advokattenester for (”klienten”), for det oppdraget advokaten utfører for klienten (”oppdraget”). Vilkåra vert rekna som ein del av oppdragsavtalen, så langt anna ikkje er avtalt.

 

Vilkåra gjeld ikkje i straffesaker der advokaten er oppnemnd som forsvarar eller støtteadvokat av retten, så langt oppnemninga rekkjer. Vilkåra gjeld ikkje meklaroppdrag, medhjelparoppdrag ved tvangssal eller bustyraroppdrag etter konkurs- og skiftelovgjevinga.

 

I samband med oppdrag som avgrensar seg til heilt korte konsultasjonar eller telefonsamtalar, gjeld vilkåra så langt dei høver.

 

Advokaten pliktar å utføre oppdraget i samsvar med gjeldande lovgjeving, god advokatskikk og til klienten sitt beste.

 

 

Etablering av oppdrag

 

Det vert inngått oppdragsavtale for kvart oppdrag, med mindre det er snakk om slike kortvarige oppdrag som er nemnde i Advokatforeninga sine retningslinjer. Dersom oppdragsavtalen inneheld andre vilkår for oppdraget enn det som kjem fram i vilkåra, går oppdragsavtalen framom.

 

Før eit oppdrag vert etablert skal advokaten avklare om det ligg føre interessekonflikt eller andre tilhøve som gjer at firmaet ikkje kan eller bør ta på seg oppdraget. Det same vert gjort i etablerte oppdrag, dersom det kjem nye motpartar inn i saka. Dersom omsynet til klienten tilseier det, og advokaten heller ikkje finn det problematisk, kan advokaten starte opp arbeid før avklaringa er avslutta. Advokaten tar i så tilfelle atterhald overfor klienten om at avklaring av eventuell interessekonflikt ikkje er endeleg gjort, og at eventuell interessekonflikt kan føre til at advokaten må seie frå seg oppdraget.

 

Advokatverksemder er underlagde lov om kvitvasking. I samband med etablering av oppdrag vil det kunne gjennomførast slik identifikasjonskontroll som følgjer av lova.

 

Oppdragets omfang og tidslengd

 

Oppdragets omfang (kva advokaten skal bistå klienten med) vert fastsett i oppdragsavtalen. Det same gjeld kor lenge oppdraget vil vare, dersom det er mogleg å seie noko om dette ved oppdragsinngåinga. Dersom klienten ønskjer å trekkje seg frå oppdraget etter at oppdragsavtalen er signert, må han straks gi melding til advokaten. Advokaten har rett til å krevje betaling for medgått tid til dokumentgjennomgang, møte, telefonsamtalar eller anna arbeid fram til klienten avlyser oppdraget. Dersom oppdraget vert utvida på eit seinare tidspunkt, i høve til det som opphavleg er avtalt, vil advokaten sende skriftleg stadfesting på dette.

 

Gjennomføring av oppdraget

 

For alle oppdrag skal det vere ein saksansvarleg advokat. Alt arbeid vert utført under ansvaret til saksansvarleg advokat. Den saksansvarlege advokaten vil syte for at arbeidet vert utført på ein god måte for klienten, og i samband med dette vurdere om oppdraget eller delar av dette mest tenleg bør utførast av tilsett advokat, advokatfullmektig eller sekretær.

 

Dersom klienten har konkret ønske om kva advokat som skal utføre oppdraget, vil dette normalt verte lagt til grunn.

 

Klienten vil få tilsendt kopi av brev, e-postar og telefaksar til og frå advokatkontoret, og få tilsendt utkast til godkjenning/gjennomgang i dei tilfella der det er behov for dette.

 

Klienten vil gjennom oppdraget få tilsendt alle dokument i saka, både dei som vert mottekne her og dei som vert sendte herifrå. Klienten lyt ta vare på desse dokumenta, dersom det er aktuelt å bruke dei seinare. Alle dokument vil som utgangspunkt bli makulerte/sletta her seinast 5 år etter at oppdraget er avslutta. Originaldokument som klienten har levert til advokatfirmaet vil bli returnert seinast ved avslutning av oppdraget.

 

Der det er praktisk vil advokaten gjere bruk av elektronisk post, så langt dette er akseptabelt for klienten. Ved bruk av e-post er det ein risiko for at uvedkommande kan få innsyn i den informasjonen som vert sendt, eller informasjonen kjem på avvege. I personsensitive saker vil den elektroniske sendinga om mogleg vere verna av passord.

 

Dersom klienten ikkje ønskjer at det skal nyttast e-post, må klienten melde frå om det.

 

Salær

 

  1. A) Generelt

 

Salæret er godtgjersla til advokaten for utføring av oppdraget. For utlegg gjeld eigne føresegner.

 

Salæret skal stå i eit rimeleg høve til oppdraget og det arbeidet som er nedlagd i saka. Ved kvar faktura vil det bli lagt ved ei spesifisert timeliste til spesifikasjon av det arbeidet som er gjort i saka. Medgått tid omfattar alt arbeid advokaten gjer på saka, så som arbeid med oppretting av sak, gjennomgang av dokument, telefonsamtalar, utarbeiding av dokument og e-post, undersøkingar i rettskjelder, etterarbeid i samband med avslutning av saka osb.

 

For arbeid som skal fakturerast med utgangspunkt i medgått tid til klientar som ikkje er meirverdiavgiftspliktige er timesatsen for våre advokatar kr. 2 000 + mva = kr. 2 500 inkl.mva. Timesatsen i oppdrag for meirverdiavgiftspliktige klientar er kr. 2 500,- + mva = kr. 3 125,- inkl.mva.

 

Minste tidseining er 0,25 timar (15 minutt). Timeprisane omfattar alle normale kontortenester, blant anna ordinært sekretærarbeid, vanleg kopiering og liknande. Som tillegg til ovannemnde prisar kjem reiseutlegg og andre utlegg som vert pådratt i saka, gebyr til det offentlege og til domstolane, større kopieringsarbeid og sakshandsamingsarbeid frå sekretær/aministrativt personale, jf. over.

 

Frå alle advokatfirmaets nye klientar vert det normalt kravd innbetaling av forskott for å ta på seg oppdraget eller halde fram med oppdraget. Det vert normalt ikkje utført arbeid i saka før forskott er innbetalt. Forskottet skal vere av eit omfang som gir trygd for pårekneleg arbeid fram til og med neste faktura, og minst slik at det gir trygd for eigendel under rettshjelpsforsikring. Så lenge eit oppdrag er under arbeid skal det ligge føre trygd for slikt pårekneleg arbeid. Normalt vil det bli kravd inn eit større forskott i samband med intensive arbeidsperiodar, som til dømes førebuing og gjennomføring av rettsleg prosess..

 

  1. B) Saker med rettshjelpsdekning (frå forsikringsselskap)

 

Advokaten bistår klienten med søknad om rettshjelpsdekning, der det er truleg at oppdraget vert omfatta av ei slik ordning. Klienten skal opplyse advokaten om kva forsikringsavtalar han har i kva selskap m.v. Klienten er ansvarleg for salæret sjølv om søknaden ikkje vert tatt til følgje.

 

I saker der det er innvilga rettshjelpsdekning frå forsikringsselskap (”selskapet”), vert det avrekna på same vilkår som ovanfor. Advokaten utbetaler refusjon frå selskapet til klienten straks advokaten mottek slik refusjon. Klienten må betale eigendel som vil framgå av brev frå selskapet. Det kan avtalast mellom advokaten og klienten at salæret vert avrekna på det tidspunktet selskapet tillet og direkte mot selskapet. Klienten er likevel ansvarleg for salæret. Dersom klienten vert tilkjend sakskostnader av motparten, vil dette kome til frådrag i forsikringssummen og klienten må betale heile salæret til advokaten for deretter å krevje motparten for betalinga.

 

  1. C) Saker med fri rettshjelp (frå det offentlege)

 

Døssland Advokatfirma AS tar ikkje på seg oppdrag som er omfatta av offentlege rettshjelpsordningar eller som vert honorert med offentleg rettshjelpssats, sett bort frå straffesaker og saker som støtte(bistands-)advokat, altså sakstypar som vert dekka direkte av domstolane.

 

  1. D) Visse sakstypar der det gjeld minstepris eller fastpris

 

For utarbeiding av enkelt ektepakt gjeld ein fastpris på kr 5 000 eks mva, kr. 6 250 inkl mva. Tinglysingsgebyr til Ektepaktregisteret og Statens kartverk kjem i tillegg til fastprisen.

 

For utarbeiding av enkel sambuaravtale gjeld ein fastpris på kr 5 000 eks mva, kr. 6 250 inkl mva.

 

For utarbeiding av enkelt testament gjeld ein fastpris på kr 5 000 eks mva, kr. 6 250 inkl mva. I tillegg kjem eventuelt gebyr for deponering av testamentet i tingretten.

 

Ved eingongs kontorkonsultasjon eller telefonsamtale inntil ein halv time er minste salær kr 1 280 eks mva, kr. 1 600 inkl mva. Tilsvarande konsultasjon/telefonsamtale inntil ein time medfører minste salær på kr. 2 000 eks mva, kr. 2 500 inkl mva.

 

Utlegg

 

Med utlegg er her meint utgifter som følgjer av oppdraget så som vederlag til takstmann, rettsgebyr, sakkunnighonorar, handsamingsgebyr frå det offentlege m.v. Klienten er ansvarleg for utlegg i saka. Utgifter skal avtalast særskilt med klienten. Dette gjeld ikkje rettsgebyr som følgjer av lovgjevinga og som oppstår som følgje av gebyrutløysande handlingar. Utgiftene skal betalast av klient ved faktura frå tredjemann. Det kan likevel avtalast at advokaten legg ut for utgifta og avreknar denne ved fakturering. Advokaten kan krevje forskotsbetaling for utlegg.

 

Fakturering

 

Ved fakturering vil klienten motta ein spesifikasjon av utført arbeid. Salæret, og utgifter som advokaten har dekka, vert avrekna etterskotsvis. Ved for sein betaling vert det rekna forseinkingsrente etter rentelova. Klienten må opplyse advokaten om adresseendring.

 

Innbetalt forskott vil bli ståande til trygd for framtidig salær. Ved avsluttande faktura vil inneståande forskott bli avrekna, og eventuelt overskytande refundert klient. Dersom ein faktura ikkje vert betalt til forfall, vil advokatfirmaets uteståande bli avrekna mot innbetalt forskott, og nytt forskott må betalast inn før advokatens arbeid held fram.

 

Dersom faktura ikkje vert betalt, eller forskott ikkje vert stilt, tek advokaten atterhald om å avslutte oppdraget i samsvar med reglane om god advokatskikk.

 

Saksutfall

 

Sjølv om advokaten har gitt uttrykk for korleis eit saksutfall kan bli, inneber det ikkje noko rettsleg ansvar for at resultatet vert oppnådd.

 

Dersom ei rettssak vert tapt, er hovudregelen at klienten vert pålagt å dekkje motpartens sakskostnadar og rettsgebyr. Dette er klientens eige ansvar.

 

Dersom ei rettsavgjerd endar med at klienten vert tilkjent sakskostnader, men beløpet er lågare enn det salæret som vert kravd av klienten, er klienten som utgangspunkt ansvarleg for det overskytande. Klienten har elles fullt betalingsansvar for advokatens salær uavhengig av tilkjente sakskostnader, og betaling av advokatens salær er aldri avhengig av at motparten faktisk kan og/eller vil betale idømte sakskostnader.

 

Tvistelova (lov om rettargang i sivile saker) har reglar om forliksrådshandsaming og småkravsprosess, der det er grenser for kva sakskostnader som kan idømmast i forliksrådet og i saker som gjeld krav som ikkje overstig kr. 125 000. Dersom ikkje anna vert skriftleg avtalt mellom partane, er klienten like fullt ansvarleg for fullt salær.

 

Klientens medverknad

 

Advokaten er pålagt eit strengt ansvar som rådgjevar. Han skal fremja rett og hindra urett. I sivile saker inneber dette prinsippet at advokaten skal arbeide for at ein oppnår eit korrekt resultat. I sivile saker har advokaten plikt til å leggje fram bevis for retten, sjølv om beviset talar i klienten sin disfavør. Klienten pliktar etter beste overtyding å gi advokaten fullstendige og korrekte opplysningar om saksforholdet. Ved opplysningssvikt kan advokaten trekkje seg frå oppdraget dersom dei advokatetiske reglane opnar for det. Klienten pliktar i rimeleg utstrekning å bidra til saksframdrifta.

 

Det er vidare ein føresetnad at klienten gjer advokaten merksam på andre bevis som klienten ikkje har rådvelde over, men som klienten meiner kan skaffast hjå andre.

 

Til betre saka er avklart, opplyst og førebudd frå klientens side, til meir effektivt vil advokaten kunne arbeide. Dette vil verke inn på storleiken på salæret.

 

All kontakt med motparten skal skje gjennom advokaten, om ikkje anna konkret vert avtala. Klienten må straks melde frå til advokaten om eventuell direkte kontakt frå motpartens side eller frå motpartens advokat.

 

Teieplikt og personopplysningar

 

Advokaten har teieplikt og skal handsame dei opplysningane han får i saka, fortruleg. Eventuelle unntak er regulert i lov, til dømes Kvitvaskingslova. Alle medarbeidarane ved Døssland Advokatfirma AS har autorisert tilgang til opplysningane, og har skrive under på teiepliktserklæring.

 

Når det elles gjeld behandling av personopplysningar viser vi til oppdragsavtalen og vår personvernerklæring.

 

Klage på advokaten

 

Klienten kan få vurdert om oppdraget er utført i samsvar med god advokatskikk og om salæret er for høgt. Etter gjeldande reglar kan kvaliteten på arbeidet ikkje underleggjast prøving av disiplinærorgana for advokatar. Klagefristen er som hovudregel 6 månader frå det tidspunktet klienten vert kjend med eller burde vorte kjend med dei omstenda som klagen grunnar seg på. Klagen vert handsama av Advokatforeininga sitt regionale disiplinærutval, Hordaland krins. Vedtak frå disiplinærutvalet kan ankast inn for Disiplinærnemnda.

 

Nærare opplysningar om klageordninga finn ein på Advokatforeininga si heimeside www.advokatforeningen.no.

 

 

Uskedalen 13. august 2018