Om oss

Døssland Advokatfirma AS MNA

Døssland Advokatfirma vart starta i august 2018. Ved kontoret arbeider det tre advokatar med lang erfaring med juridisk rådgjeving, tvisteløysing og domstolsprosess til både privatpersonar, verksemder og offentleg sektor. Alle er medlemer i Den norske Advokatforening.

Vi gjennomfører effektive og trygge eigedomsoppgjer til ein konkurransedyktig pris. I vår marknad er det ofte betre å gjera «marknadsarbeidet» sjølv, og heller gjera bruk av meklarhjelp når det skal skrivast kontrakt og oppgjeret skal gjennomførast.

Firmaet har stadig oppdrag for tingrettane, i saker som gjeld konkursbu, dødsbu eller tvangssal. Advokat Per Ivar Hessen er fast forsvarar for Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett, og arbeider dermed mykje med strafferett.

Dersom du lurer på om akkurat di sak er noko vi kan hjelpa deg med, så er det berre å ringa eller senda ein e-post. Vi svarar så raskt vi kan.

Vår forretningsmodell

Eit sentralt mål med å starta opp eit lite advokatkontor etter mange år i større advokatfirma var å ha ein oversiktleg og fleksibel kvardag, samstundes som vi har høve til å følgja opp kvar einaste klient raskt og effektivt. Det har vi fått til. Vi tar ikkje på oss fleire oppdrag enn at vi personleg får tid til å følgja opp sakene våre tett og raskt. Vi vil ikkje ha ein kalender som er full fleire månadar framover, men kapasitet til å «snu oss rundt» når det kjem viktige hastesaker for klientane våre.

Hjå oss kan du difor forventa tett og samvitsfull oppfølgjing frå den advokaten som har teke på seg oppdraget ditt. Vi har tid til klientane våre.

Ei anna side ved forretningsmodellen er kontorplasseringa. Å plassera eit advokatkontor på eit gardstun symboliserer for oss det beste ved Hardanger og Sunnhordland; Jordnær tradisjon, kompetanse, arbeids- og omstillingsvilje. Vi er stolte av å kunna understreka kvaliteten og engasjementet i det vi driv med, gjennom å ha kontoret vårt på ein gard. Samstundes viser det kven vi er. Når du kjem til oss, kjem du inn på tunet.