Oppgjer i samband med overføring av fast eigedom

Det er blitt stadig meir vanleg med privat annonsering av bustad og annan fast eigedom for sal, utan bruk av kostbare eigedomsmeklarar. Det er store pengar å spara på dette. I tillegg vil det i ein marknad som Kvinnherad kunne ta tid å oppnå den prisen ein ynskjer, fordi den «rette» kjøparen ikkje ser etter hus akkurat på den tida huset ditt blir lagt ut for sal. Det er difor fare for å pådra seg store kostnadar til annonsar, utan at det skjer noko sal på kort sikt.

Når seljaren og kjøparen har funne kvarandre, er det derimot behov for ekstern hjelp for å gjera alt det formelle på ein skikkeleg måte:

  • Det må skrivast ein skikkeleg kjøpekontrakt og gjennomførast eit formelt kontraktsmøte
  • Det skal sendast skøyte for tinglysing, i tillegg til at det skal lagast til konsesjonsfridomserklæring, konsesjonssøknad og eventuelle andre naudsynte dokument
  • Det skal sikrast at betaling og overføring av heimelen til eigedomen skjer på ein trygg måte for båe partar. Bankane stiller krav om at advokat eller eigedomsmeklar tar seg av sjølve overdraginga, slik at ein sikrar eit samtidig oppgjer (kjøpesum mot heimelen til eigedomen)
  • Det skal sikrast at banken som finansierer kjøpet får pant for det lånet som er ytt, og at alle tidlegare lån blir gjort opp og pant sletta.

Det vert stilt strenge krav til oppgjersmeklarar, blant anna gjennom årleg oppdatering på nytt regelverk. Det er også krav om eigen autorisasjon frå Finanstilsynet.

I Døssland Advokatfirma AS har vi to advokatar som har den formelle kompetansen og autorisasjonen til å gjennomføra eigedomsoppgjer, og som har dette som ein vesentleg del av sitt arbeid. Det er advokatane Per Ivar Hessen og Edle Lomheim. Ta gjerne kontakt med ein av dei for ein uforpliktande samtale!

Prisen for gjennomføring av eit ordinært oppgjersoppdrag er normalt kr. 25 000,- inkl.mva. Dersom det er særlege omstende som tilseier at oppdraget krev meir arbeid enn det ordinære, vil pris bli avtalt særskilt.

Vi tilbyr boligselgarforsikring gjennom Gjensidige , som på visse vilkår kan teiknast også ved oppgjersoppdrag. Vi tilbyr også teikning av boligkjøparforsikring gjennom HELP.