Per Ivar Hessen

- Advokat

Per Ivar Hessen er utdanna cand.jur. frå universitetet i Bergen i 2004. Etter to år som advokatfullmektig i Advokatfirmaet Sylte AS, der han fekk svært omfattande prosedyreerfaring, starta han eigen praksis i Kristiansand i 2007. Frå 2008 var han partnar i Sørlandsadvokatene i Kristiansand, før han i 2010 flytta til Stavanger og vart tilsett som advokat hjå Adius Advokater AS. I 2015 kom han til Kvinnherad, og var tilsett hjå Borgen Advokatar AS fram til han gjekk inn som fast advokat i Døssland Advokatfirma AS i september 2018.

Per Ivar Hessen har lang røynsle med tvisteløysing for privatpersonar og næringsdrivande, med omfattande prosedyreerfaring for domstolane. Han hadde si første prøvesak for Høgsterett i 2018, og var fast bistandsadvokat ved Stavanger tingrett og Gulating lagmannsrett i perioden 2010-2014.

Per Ivar Hessen har handsaming av konkursbu som ein stor del av sin saksportefølje, og har opparbeidd seg høg kompetanse på konkurs og gjeldsinndriving. Han har i tillegg løyve som eigedomsmeklar, og gjennomfører eigedomstransaksjonar for både privat- og næringsklientar. 

Hessen var i perioden 2008 til 2010 medlem i krinsstyret i Vest-Agder krins av Den Norske Advokatforening. Han har i tillegg vore førelesar i studiet juridisk kontormedarbeider ved Traider fagskoler.