Per Ivar Hessen
- Advokat
Per Ivar Hessen er utdanna cand.jur. frå universitetet i Bergen i 2004. Etter to år som advokatfullmektig i Advokatfirmaet Sylte AS, der han fekk svært omfattande prosedyreerfaring, starta han eigen praksis i Kristiansand i 2007. Frå 2008 var han partnar i Sørlandsadvokatene i Kristiansand, før han i 2010 flytta til Stavanger og vart tilsett som advokat hjå Adius Advokater AS. I 2015 kom han til Kvinnherad, og var tilsett hjå Borgen Advokatar AS fram til han gjekk inn som fast advokat i Døssland Advokatfirma AS i september 2018.
Per Ivar Hessen har lang røynsle med tvisteløysing for privatpersonar og næringsdrivande, med omfattande prosedyreerfaring for domstolane. Han hadde si første prøvesak for Høgsterett i 2018, og var fast bistandsadvokat ved Stavanger tingrett og Gulating lagmannsrett i perioden 2010-2014. Frå 7. januar 2022 er Per Ivar Hessen oppnemnd som fast forsvarar for Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.
Per Ivar Hessen har handsaming av konkursbu som ein stor del av sin saksportefølje, og har opparbeidd seg høg kompetanse på konkurs og gjeldsinndriving. Han har i tillegg løyve som eigedomsmeklar, og gjennomfører eigedomstransaksjonar for både privat- og næringsklientar.
Hessen var i perioden 2008 til 2010 medlem i krinsstyret i Vest-Agder krins av Den Norske Advokatforening. Han har i tillegg vore førelesar i studiet juridisk kontormedarbeider ved Traider fagskoler.