Edle Lomheim

- Advokat

Edle Lomheim

Edle Lomheim er cand. jur. frå universitetet i Bergen frå 1998. Ho har òg grunnfag i psykologi, og tilleggsutdanning i rekneskap frå skatteetaten. Edle Lomheim arbeidde dei fyrste åra etter utdanninga i trygde- og skatteetaten i kommunar utanfor Bergen. I 2001 flytta ho tilbake til Kvinnherad, og i perioden 2002-2007 arbeidde ho som skattejurist. I 2007 byrja ho som advokatfullmektig i Advokatfirma Handeland Døssland & Co, og ho fekk advokatløyve i 2009. Då dette firmaet fusjonerte med Borgen Advokatar AS, arbeidde ho der, til dess ho i 2018 byrja i Døssland Advokatfirma AS.

Edle Lomheim arbeider særleg med handsaming av døds- og konkursbu og med transaksjonar som gjeld fast eigedom. Ho har lang røynsle med desse fagområda, og har eige løyve som eigedomsmeklar.

Ho har vore dagleg leiar i Eiendomsmegler 1 Sunnhordland AS og ho har site i styret i Hellesøy Skipsbyggeri AS.