Bjarte Døssland
- Advokat
Bjarte Døssland
Bjarte Døssland er utdanna cand. jur. frå universitet i Bergen i 1996. Etter to år ved Bergen likningskontor som skattejurist, vart han advokatfullmektig i Secher & Co Advokatfirma ANS i Bergen. Etter oppnådd advokatløyve flytta han i 2001 heim til Kvinnherad, og starta eige advokatfirma då han var 31 år, saman med to andre advokatar. I 2012 fusjonerte Advokatfirmaet Handeland Døssland & Co med Borgen Advokatar AS, og Bjarte Døssland var partnar der fram til han i 2018 gjekk ut av Borgen, og etablerte Døssland Advokatfirma AS. Han er styreleiar og dagleg leiar i firmaet.
Bjarte Døssland har lang røynsle med både tvisteløysing og prosedyre for domstolane, i alle instansar. Han hadde si første prøvesak for Høgsterett i 2009. Han har òg lang røynsle med arbeid for å førebyggja tvistar og utforma avtalar mellom både private og næringsdrivande/verksemder.
Som student var Døssland vitskapleg assistent ved institutt for offentleg rett ved universitet i Bergen, og han underviste både under studiet og seinare (då han var advokatfullmektig) i vitskapsfilosofi for jusstudentar.
Døssland var leiar i Advokatforeningens disiplinærutval for Hordaland og Sogn og Fjordane 2009-2016. Han var også i fleire år medlem i krinsstyret i Hordaland og Sogn og Fjordane krins av Den norske Advokatforening.
Den 6. desember 2019 vart Døssland vald inn i Advokatforeningen sitt etikkutval. Han er medlem i Advokatforeningens hovudstyre frå 1. juni 2020.